Her får alle oppleve en kirkesøndag på Garstad på begynnelsen av 1800-tallet.
Dette sørger UL Heimdal og en tropp på over femti profesjonelle og amatørskuespillere og sangere for.
Dette er historien om de utstøtte fra kirken, Hans Nilsen Hauge og folket som levde på Viknaøyene på begynnelsen av 1800-tallet.
Utespelet hadde premiere
10. juli 2005.
Den prisbelønte forfatteren Torvald Sund som selv har sterke røtter til Vikna ble engasjert for å skrive stykket. Sunds far kommer fra Vikna, og forfatteren føler derfor stor nærhet til personene i stykket. Alle har bakgrunn i folk som har levd, men forfatteren har tatt seg mange dikterske friheter.
Tidligere har han skrevet 27 bøker, filmmanus og 10 skuespill. Bøkene er oversatt til 10 språk, og han har foruten flere kulturpriser, Statens garanti-inntekt for kunstnere.
Hans Nielsen Hauge og Vikna?
Det er mange historier og personar frå Vikna som fortener sin plass i eit utespel. Men sidan spelet skal ha si forankring i Garstad kirke, Trua og Kjerkesøndagen, måtte eg legge ei handling som høvde her. Og for meg vart det da heilt naturleg å orientere meg mot Hans Nielsen Hauge og den tida han rådde i Gjæslingan og reiste omkring på Vikna. Først og fremst fordi Hauge kanskje er den viktigaste pillaren i bygginga av nasjonen Norge, ja, han former den norske identiteten:
Arbeidsom, nøysom, opprørsk og forsonande.
Men det aller viktigaste er kanskje Truas djupaste bodskap, Nåden. Den er renningen i veven min, i Hauges liv, i hovudpersonen Dåret Hansdotters liv.
Eit historisk spel kan aldri bli objektiv sanning. Det vil alltid vera ein fiksjon som handlar om oss sjølv, som menneskja – i glede og sorg.
Dei historiske fakta ligg i at Hauge eigde fiskeværet Sør-Gjæslingan på denne tida. Han kjøpte det for nøyaktig 2664 riksdalar og sette Klæbyggjen Arnt Solem til å bestyre været, samt koke salt her. Vinteren 1802 segla Hans Nielsen Hauge med jakta Haabet til Sør-Gjæslingan for å drive skreifiske og handel. I februar 1802 er Hauge på Ofstad, herifrå skriv han eit brev til venen Ole Vassmoen. Kva Hauge gjer på Ofstad er uvisst, men han er nok her ei tid, for neste brev er datert Sør-Gjæslingan 12. mars 1802. Han er da i full gang med skreifiske, handel og forkynnelse: «Folket hentede mig til sig, og ieg holdt Taler. Hver Søndag maatte vi være ude, da det var med de største Forsamlinger ieg har holdt. Bøger laante vi ud, og nogle gav vi bort.»
Fram til midten av mai da han reiser herifrå med jakta att, skriv han i alt seks brev, ved sidan av Ofstad og Sør-Gjæslingan er eit av dei skrive om bord på Haabet. Det kan tyde på at han har segla omkring til dei andre Viknværa på fiske, handel og prediken. Hauge skriv at prestane er etter han; «Præsterne her omkring paalægger Lensmænderne Stiftets Ordre at tage os.» Han blir og anholdt, men slepp fri, fordi «Gud bøyede Lensmanden». Ein av dei plassane han preika på i denne tida, var her på Garstad. I rettsaka mot Hauge i 1807 vart 15 menneskja frå Vikna, som hadde hørt Hauge tala, innkalt som vitne. Her kom det fram at han hadde vore heime hos Mikke Mikkelsen Garstad, hadde overnatta hos han, og hadde «prediktet der» med mykje folk til stades. Dette møtet førte til at Andreas Wright skreiv brev til styresmaktene med krav om arrestasjon av Hauge og «helligmennene».
Dette er nokre av dei historisk fakta som danner grunnlaget for «Trua og saltet». Ved sidan av dette veit vi at Hauge var ein svært ivrig kjerkegjengar, han gjekk til kjerka uansett kor i landet han var, vart kasta ut, preika sjølv, oppatt og oppatt. Sidan han var her i 4-5 månader, finn eg det svært usannsynsleg om han ikkje besøkte kjerka ein einaste gong.
Med dette som historisk bakgrunn hadde eg ingen veg tilbake:
Hans Nielsen Hauge måtte innom Garstad kirke. Med Nåden. Med ei ny human tru på menneskja og arbeidet, opprøret og forsoninga. Eg kom ikkje utanom han. Han var her. Og er her.
Torvald Sund




| UL Heimdal er et lite ungdoms- lag med rundt 30 medlemmer med stort og smått. Vi jobber med vanlige aktiviteter for et ungdomslag, men gjennom prosesser i nærmiljøet har vi blitt hovedaksjonær i en isoporfabrikk som går godt. Gjennom dette får vi et årlig aksjeutbytte som gir oss et annet overskudd enn vanlig ungdomslagsbedrift. Det fører til at vi har større frihet når vi skal drive med ulike aktiviteter. For noen år tilbake satte daværende formann i laget fram 10. juli 2005 var det klart for premiere på Trua og saltet. Utrolig mange aktører bidro til Vi bygde tribuner med plass |
![]() |
| Å skru tiden 200 år tilbake krever en noe annerledes garderobe enn den vi har i klesskapet. I 2005 lånte vi kostymer av Barbro teatret. I fjor hadde vi fått tegnet egne kostymer. Det var mange som la ned mange dugnadstimer på blant annet å få sydd tidsriktige kostymer. I et lite lokalsamfunn er vi Her bør det være noe for enhver smak for spektret er vidt. Vi er med på å sette Vikna Vi sees. Hilsen U.L. Heimdal |





